Hopp til hovedteksten
Sissel_Rogne
Havforskingsdirektør Sissel Rogne er glad for å få endå ei fornying i flåten av forskingsfartøy. I haust kjem "Kronprins Haakon" til Norge.
Foto: Kjartan Mæstad / Havforskningsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

2290 vil jobbe for Havforskingsinstituttet i arktiske hav

– At jobben er utfordrande, framtidsretta og meiningsfull har definitivt hatt sitt å seie. Med 2290 søkarar er vi sikra eit solid mannskap til eit solid skip, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne.

I mars lyste Havforskingsinstituttet ut 34 maritime stillingar knytt til det nye, polare forskingsfartøyet «Kronprins Haakon». På onsdag gjekk søknadsfristen ut, og heile 2290 vil ha jobb om bord.

Mannskapet er essensielt, også for superskip

Havforskingsdirektøren takkar alle søkarar for interessa for å jobbe på det nye fartøyet. Det er ein tøff arbeidsmarknad for sjøfolk, men Rogne er overtydd om at mange søkarar har eit ekte ønske om å bidra i det viktige arbeidet «Kronprins Haakon» skal gjere.

– Vi er veldig takksame for å kunne velje frå øvste hylle. «Kronprins Haakon» har kurs mot stader berre få menneske har vore før, med det nyaste av forskingsteknologi. Men skipa våre er aldri betre enn mannskapet. I flåten vår er vi usedvanleg heldige som har mannskap med god erfaring frå fiskeri. Vi ser at dette også går igjen hos mange av søkarane, seier Sissel Rogne.

Lovar topp utrusting

Rolls Royce har teikna «Kronprins Haakon», mens det er verftet Fincantieri som bygger det. Kronprinsen kan bryte is på opptil 1,5 meter, skyte seismikk og styre undervassfarkostar og er godt utstyrt for fiske. Det har moderne laboratorium, to helikopterdekk, 44 millimeter tjukke skrogplater og motorkrafta til 150 personbilar.

Alt utstyret, mesteparten norskprodusert, toler temperaturar ned mot 35 minusgrader ettersom skipet skal operere i arktiske strøk. Norsk polarinstitutt eig det, mens Havforskingsinstituttet skal drifte det. Universitetet i Tromsø blir største brukar, og Tromsø blir også heimehamn.

– «Kronprins Haakon» set Norge heilt i frontposisjon for å utvikle kunnskap om berekraftig forvalting av dei arktiske hava, seier Sissel Rogne.

Kronprins_Haakon_illustrasjon

Det isgåande forskingsfartøyet "Kronprins Haakon" skal spele ei viktig rolle i norsk polhavsforsking. Bildet er ein 3D-modell av skipet.

Foto: Rolls Royce Marine

Kontakttelefonen avlasta godt

Etter at Havforskingsinstituttet fekk over 1600 stillingar førre gong vi søkte mannskap, hyra rederiavdelinga ekstrahjelp denne gongen.

– Vi har hatt ein eigen kontakttelefon som har avlasta oss godt. Dermed får vi også gått raskare gjennom søknadsstabelen, seier Per Wilhelm Nieuwejaar, direktør for rederiet ved Havforskingsinstituttet.

Stillingane for matrosar og styrmenn var mest ettertrakta, med høvesvis 528 og 863 søkarar. Rederiavdelinga har fått lest vel 500 søknader, og ser nokre trekk ved søkarane: Mange er kvalifiserte og tilfredsstiller krava i utlysinga. Majoriteten kjem frå offshoreindustrien, og mange har relevant erfaring frå fiskeri. Søkarane er hovudsakleg norske, men det er også ein del frå andre nordiske land.

Bretter opp erma

Like etter påske startar det store arbeidet med å finne dei beste for jobbane. Sterke kandidatar blir kalla inn til intervju i løpet av april-mai.

– Målet er at vi skal vere ferdige med det formelle etter tilsettingsmøtet 21. juni. Ulike delar av mannskapet tiltrer utover hausten, og «Kronprins Haakon» skal vere fullt bemanna på nyåret, avsluttar Nieuwejaar.

rederisjef_Nieuwejaar

Rederisjef Per Wilhelm Nieuwejaar

Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

 

Kontaktpersoner