Slår saman nettsider

byggning.jpg

Frå no av har NIFES og HI felles nettsider. Dette er ein del av arbeidet som blir gjort i samband med fusjonen mellom dei to institutta. Formelt blir institutta fusjonert 1. januar 2018.

Dei største endringane på nettsidene er gjort på framsida og i menyen øvst på sida. Først på eit seinare tidspunkt vil alle undersidene bli endra slik at dei blir heilt like. Det kan og skje at enkelte lenker har blitt brotne, dersom du kjem over slike kan du gjerne sende informasjon om kva lenke det gjeld og kva side du fann ho på til nyhet@imr.no.

Ikkje alt er på plass i den nye organisasjonen endå, mellom anna manglar det framleis endeleg organisasjonskart. Slike sider vil bli oppdatert/oppretta fortløpande etter kvart som informasjonen er klar. Det kan og vere enkelte sider som kan innehalde informasjon om organisasjonen som ikkje vil vere gyldig etter fusjonen 1. januar. I tilsettsøket vil du frå i dag få treff på tilsette frå både NIFES og Havforskingsinstituttet.