Gå til hovedinnhold

Prosjekt: CRIMAC – senter for forskningsdrevet innovasjon

CRIMAC logo
Periode 01. oktober 2020 - 30. september 2028
Finansiert av Forskingsrådet, industripartnarar og Havforskingsinstituttet
Partnere Industripartnarar: Kongsberg Maritime, Scantrol, Scantrol Deep Vision, CodeLab Bergen, Norway Royal Salmon, Liegruppen fiskeri og Eros. Forskningspartnarar: NORCE, Norsk Regnesentral og UiB
Prosjektet ledes av Havforskingsinstituttet
Nettside crimac.no

CRIMAC vil forbetre og automatisere tolkinga av bilde frå moderne breidbandsakustikk på forskingsfartøy og fiskebåtar. Det ved hjelp av tokt og feltforsking, kunstig intelligens, dronar og annan teknologi.

I tillegg til hovudmålet om eit meir berekraftig fiske og forbetra fiskeriforvalting, vil ei betre forståing av «akustiske dialekter» kunne bidra til meir berekraftig forvalting av anna bruk av hav og kystareal, som oppdrett og energiproduksjon.

Senteret har ei finansiering på om lag 28 millionar kroner i året i åtte år. Det er eit samarbeid mellom forsking og industri.

CRIMAC står for Center for Research Based Innovation in Marine Acoustic Abundance Estimation and Backscatter Classification.

Det nye utstyret gir enorme moglegheiter

Fiskeriakustikk i ekkolodd, sonarar og sensorar vert brukt til å måle og overvake dei største fiske- og krilbestandane i havet og korleis dei fordeler seg i økosystemet. Eit moderne fiskeri utan akustisk verktøy for å følge med på havbotnen, fiskestimer og sjølve fangstprosessen, er i dag heilt utenkeleg.

Ekkolodda har i dei siste åra fått ny breidbandsteknologi og ei enorm oppløysing. Forskings- og fiskefartøya kan no ikkje berre observere mengda av fisk og andre organismar under fartøyet, men heile ekkospekteret frå organismane.

Det kan vi kalle «dialekten» deira. Dialekten til ein enkelt sild blir påverka av kroppsform, svømmeblære, andre kroppsdelar og åtferd, og den er svært forskjellig frå makrellen sin "ekkodialekt".

I det nye CRIMAC-senteret skal vi utføre systematisk, eksperimentell feltforsking som kan brukast til å tolke dei ulike ekkodialektane til dyra i havet, gassutslepp frå havbotnen og ulike typar havbotn.

Vil lage ekkobibliotek med kunstig intelligens

Vi vil utvide dagens metodar for å klassifisere det vi ser på ekkoloddet ved hjelp av maskinlæring og kunstig intelligens.

Som ein flaggermus, som ved hjelp av denne metoden og lang erfaring, har lært seg forskjellen mellom dialekten til feite og tynne fluger, skal vi i CRIMAC bygge opp eit bibliotek av ekkodialektane til fisk, larver, dyreplankton, maneter, gassutslepp og havbotn.

Vil gi meir presist fiskeri

Dette vil forbetre dagens tolking av akustikken, og på sikt hjelpe fiskeskipperen til å ta gode fangstavgjersler. Er det rett fiskestim skipperen ser på ekkoloddet, eller er det ein annan art som ikkje bør fangast?

Videre vil vi gjere bifangst til eit mindre problem ved hjelp av direkte observasjonar frå trålen med kamera e.l. og innretningar for å målrette fangsten mot art eller størrelse.

I arbeidet vil vi bruke Scantrol DeepVision – ein «trål-fotoboks», utstyrt med aktiv seleksjon og opne-/lukkesystem for å bekrefte tolkingane av det vi registrerer på ekkoloddet.

Har fotoboks i trålen og dronar på kryss og tvers

Med trål vil vi kunne ta prøver i sekvensar på djupt vatn, for eksempel inne i mesopelagiske dyresamfunn – ein stor og uutnytta ressurs som vi vil lære meir om.

Vi vil vurdere om bildeinformasjon frå lange trålhal med kamera og open sekk kan brukast til å gi estimat av pelagisk fisk og botnfisk.

Dronar, sonder og riggar som står på botn skal vi utstyre med miniatyrutgåver av breidbandsakustikk. I kor stor grad kan farkostane supplere og forbetre datainnsamlinga på vitskaplege tokt, og ikkje minst, kan dei hjelpe i aktivt fiskeri?

Alle publikasjoner fra CRIMAC

Nonlinear crosstalk in broadband multi-channel echosounders.

Khodabandeloo, Babak; Ona, Egil; Macaulay, Gavin; Korneliussen, Rolf. 2021, Journal of the Acoustical Society of America.

Vitenskapelig artikkel

Les mer i Cristin

In situ calibration of observatory broadband echosounders.

Ona, Egil; Zhang, Guosong; Pedersen, Geir; Johnsen, Espen. 2020, ICES Journal of Marine Science.

Vitenskapelig artikkel

Les mer i Cristin

CRIMAC cruise report 2020116.

Ona, Egil; Handegard, Nils Olav; Johnsen, Espen; Kubilius, Rokas; Korneliussen, Rolf; Pedersen, Geir; Totland, Atle; Rosen, Shale; Underwood, Melanie; Andersen, Lars N mfl.. 2021

Rapport

Les mer i Cristin

Fiskeriakustikk og akustisk målklassifisering - Rapport frå COGMAR/CRIMAC arbeidsmøte om maskinlæring og fiskeriakustikk.

Handegard, Nils Olav; Andersen, Lars Nonboe; Brautaset, Olav; Choi, Changkyu; Eliassen, Inge Kristian; Heggelund, Yngve; Hestnes, Arne Johan; Malde, Ketil; Osland, Håkon; Ordonez, Alba mfl.. 2021

Rapport

Les mer i Cristin

Betre ekkolodd vil gi betre forståing av våre marine økosystem.

Handegard, Nils Olav; Algrøy, Tonny; Ona, Egil. 2021, Skipsrevyen.

Kronikk

Les mer i Cristin